Omtale
Avklaring om konsesjonsplikt eller ikkje ved kjøp av fast eigedom. Konsesjonsfritak skjer med kommunen sin melding på eigenerklæring.
Unnataka frå konsesjonsplikt og bruk av eigenfråsegn om konsesjonsfritak er f.eks.:
- Kjøp av sjølveigande leilegheit til bustadføremål
- Kjøp av areal som leggjast til eksisterande grunneigedom grensejustering/tilleggsareal)
- Kjøp av bebygd areal, tinglyst etter 1930 og mindre enn to dekar (viser til andre unnatak jamfør forskrift til konsesjonslova (FOR 2003-12-08 nr. 1434).
Unntaka frå konsesjonsplikt er mange, dei generelle føresetnader er:
- Odel eller slektsskap
- Ubygd areal mindre enn to dekar (godkjent som hytte eller bustad)
- Bygd areal mindre enn 100 dekar, der ikkje meir enn 20 dekar er fulldyrka.
- Ved desse unntaka kan Fjell kommune gi melding om konsesjonsfridom ved stempel og underskrift påført eigenerklæringa.
Gjeld det erverv av areal til næringsverksemd el. industri må bruk av areal må vere i samsvar med gjeldande reguleringsplan og kommuneplan, og erklæring om dette vert å sende saman med brevet til Statens Kartverk, 3507 Hønefoss, www.tinglysing.no. Dersom erverv av ein konkret eigedom er konsesjonspliktig, må det søkjast om konsesjon på eit fastlagt skjema "Søknad om konsesjon på overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova"
som sendast/leverast til Fjell kommune, Eining for landbruk og miljø (Landbrukssjefen).
Pris for tenesta
Denne tenesta er geyrfri.