print

Kulturskule

Generelt

Omtale

Undervisningstilbod:

Dei yngste 0–6 år

Musikk frå Livets Begynnelse er eit lekkert koldtbord for alle barna, heilt frå tidleg spebarnsstadiet til og med første klasse. Songar, regler, dans, trommer, klokkespel og fløyte... her er det noko for alle, tilrettelagt etter alder og modning.
 
Dei aller minste har ei heil ny verd å utforske. Trygt saman med foreldre, besteforeldre eller annan ledsagar får dei stimulering for alle sansane i eit roleg, musisk miljø.
 
Etter kvart som barna veks til, ligg nye utfordringar og opplevingar på lur. Under kyndig leiing oppdagar dei rytme og tone, og utviklar evnene til å utforme sine eigne
musiske uttrykk, til å kjenne musikken i sjela si og la kroppen følge med!
 
Siste året i barnehagealder og første året på skulen meistrar barnet stadig nye oppgåver medan fantasien får utløp i leik, rollespel, dans, spel og song. Undervisninga for 5–6-åringar er god førebuing for ev. seinare instrumentspel.
 
Meld barnet på til Alle kursa 0–6 år, så finn vi den gruppa som passar best. Alle kursa 0–6 år går på kulturskulehuset på Knarrvika. Er det nok søkarar, kan det vere aktuelt å opprette kurs lokalt.
 

Kurs i Fjell, Sund og Øygarden

Vi tilbyr desse kursa i alle tre kommunane.

Storgruppekurs
Dersom det er plass, kan vi ta imot elevar frå andre kommunar også.

Kunst
frå 3. klasse • aldersdelte grupper
Grunnkurs i teikning, maling, grafikk i ulike teknikkar. Utforsk måtar å legge fram ditt personlege uttrykk!

Drama/teater
frå 3. klasse • aldersdelte grupper

Leik og rollespel, tekst, kostyme, sminke, maske, lys, lyd, sceneopptreden, maling, sying – alt som høyrer teaterverda til!

Individuell undervisning

(ev. smågrupper: 2–4 elevar)

frå 7 år • Fiolin
frå 7 år • Rytmisk slagverk
frå 8 år • Gitar (akustisk)
frå 8 år • Piano
frå 8 år • Keyboard
frå 8 år • Toradar
frå 8 år • Drama/teater individuell
vidarekomne • El-gitar
vidarekomne • Bassgitar
vidarekomne • Klassisk gitar

Kurs i ein eller to kommunar

Storgruppekurs

Er du villig til å reise dit, kan du få undervisning i nabokommunen. Er det plass, kan vi ta imot elevar frå andre kommunar også.

Jazzdans

 • Fjell – med nok søkarar Sund, Øygarden
frå 2. klasse • Aldersdelte grupper
Nybyrjarar får bli glad i å danse gjennom grunnleggande teknikktrening og enkle dansetrinn. Vidarekomne får høve til å jobbe meir intensivt med koreografi og å smake på ulike stilar som hip-hop og streetjazz. Alle får arbeide mot sceneopptreden og forestillingar.

Band

 • Fjell – med nok søkarar Sund, Øygarden
Bandsamspel i godt utstyrt øvingslokale på Knarrvika. Lærar med erfaring frå pop/rock/heavy m.m. gir rettleiing og inspirasjon. Er du flink til å øve, kan bandet få tilbod om innspeling av eigen cd i proff lydstudio!

Kor

• Fjell
frå 2. klasse t.o.m. 19 år • Aldersdelte grupper
Her får du utvikle stemma di og få rutine i alt som høyrer med i å synge i kor. Vi får opptre på konsert i og utanfor kommunen, delta på seminar og reise på tur i inn- og utland! Hausten 2009 kan det bli oppretta grupper for dei yngste årsklassane som SFO-tilbod.
for vaksne med spesielle behov Koret Fjelltrall kan ta inn vaksne med språk frå alle kommunane. Fjell kulturhus, måndag 12.30–14.15.

Korps

• Fjell
frå 3. klasse • Opplæring i korpsinstrument i samarbeid med skulekorpsa i Fjell. Somme korps tar inn frå 2. klasse.

Musikkterapi

• Fjell – med nok søkarar Sund, Øygarden
frå 1. klasse • for barn med spesielle behov og foreldra deira. På Hjelteryggen skule.

Individuell undervisning

(ev. smågrupper: 2–4 elevar)
Er du villig til å reise dit, kan du få undervisning i nabokommunen.

Fjell og Sund

frå 10 år • Song

Fjell

frå 0 år • Musikkterapi individuell
frå 8 år • Hardingfele
frå 8 år • Tverrfløyte
frå 9 år • Vokal folkemusikk

Fjell og Øygarden

frå 8 år • Trekkspel

Sund

frå 8 år • Latinperkusjon (Sund skule, Klokkarvik) vidarekomne • Songgruppe (Kurssenteret, Skogsvåg)

Administrasjon

Fjell kulturskule administrerer elevinntaket i kulturskulane i Fjell, Sund og Øygarden. Eventuelle spørsmål om kulturskulen i din kommune kan rettast til Fjell kulturskule.

Skuleåret

Skuleåret er på 38 veker. I Sund og Øygarden følger kulturskulen skuleruta for grunnskulen; i Fjell har kulturskulen eiga skulerute.

Instrument

Alle instrumentalelevar må ha øvingsinstrument, og må rekne med å øve regelmessig for å oppleve framgang. Vi har nokre tverrfløyter og fiolinar til leige. Sjå tabell for prisar.

Kommunikasjon

Vi brukar SMS-meldingar til å seie frå om timar som blir flytta, avlyst o.l. Difor er det særs viktig at du syter for at kulturskulen alltid har det mobilnummeret du brukar.
Vi sender også meldingar pr. e-post. Hugs å informere oss dersom du får ei ny e-postadresse.

Kulturskulekoret

I tillegg til kulturskulekontingenten kjem medlemskontingent i koret, for tida kr 100.

Målgruppe

Alle innbyggarar i Fjell, Sund og Øygarden kommune. Barn og ungdom frå 0 til 18 år ønskjer ein å prioritere.

Kriterium/vilkår

Alle instrumentalelevane må ha tilgang til eit instrument som dei kan øve på regelmessig.

Pris for tenesta

Her finn du prisane for Fjell, Sund og Øygarden.

 

Prisar
Fjell kulturskule Sund kulturskule Øygarden kulturskule
- per elev (per år) 2 163 1 800 750
- kor (per elev, per år) 2 163 - -
- søsken (per elev, per år) 1 755 - -
- materiellutgift (per år) 0 100 0
- instrumentleige (per år) 672 320 200

Samarbeidspartnarar

Norsk kulturskoleråd, sjå lenke over.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge.

Om søknadsprosessen

Søknadsfrist

Vi har ikkje søknadsfrist – du kan søke gjennom heile året. Vil du kome med frå skulestart om hausten, er det lurt å søke innan 23. juni.

Merknader

Har du søkt plass i kulturskulen, ligg søknaden inne til du får tilbod om plass. Du treng ikkje søke igjen.

Når du får plass i kulturskulen, har du plassen fortløpande inntil du seier den opp. Vil du gå på eit anna kurs, må du levere ein ny søknad.

Vil du seie opp plassen, kan du bruke det elektroniske oppseiingsskjemaet på nettsidene til kommunen, eller du kan ringe til Fjell kulturskule.
(jf. Elevreglementet)




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
29.06.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom