print

Miljøplan i jordbruket

Generelt

Omtale

Miljøplanen skal vere eit hjelpemiddel for kvar einskild gardbrukar til å skildre og gjennomføre miljøtiltak på garden. Planen skal mellom anna bidra til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og synliggjere miljøinnsatsen i jordbruket. Miljøplan i jordbruket inngår som ein del av Kvalitetssystem i landbruket (KSL), som dokumenterer korleis matproduksjonen skjer på gardsbruka. Miljøplanen skal ikkje sendast inn til landbruksmyndigheitene, men oppbevarast på føretaket i ti år for revisjon og kontroll.

Målgruppe

Alle landbruksføretak som mottek produksjonstilskott.

Kriterium/vilkår

Miljøplan trinn 1 skal liggje føre for alle landbruksføretak som mottek produksjonstilskott. Trinn 1 inneheld sjekkliste, ev. med tiltaksplan, gjødslingsplan, sprøytejournal og kart. Dersom eit føretak manglar miljøplan ved søknad om produksjonstilskott, blir tilskottet redusert etter satsar fastsett i jordbruksavtalen. Miljøplan trinn 2 skal liggje føre for landbruksføretak som i tillegg søkjer om stønad til gjennomføring av spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Jordlova §§ 3 og 18

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen kan hjelpe med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet og opplysningar om spesielle lokale miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.

Søknadsbehandling

Dersom miljøplanen ved kontroll ikkje oppfyller krava, gjør kommunen vedtak om dette. Utan godkjend miljøplan blir produksjonstilskottet redusert.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp hva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klag blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom