Omtale
Når eit byggjetiltak skal iverksetjast, har naboar og tverrbuarar krav på å bli varsla om det tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta. For byggjetiltak som berre krev at du sender melding til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen, er det du som byggherre (tiltakshavar) som sørgjer for nabovarsel. For tiltak som krev søknad til kommunen, er det firmaet du engasjerer til å stå for søknadsprosessen (også kalla ansvarleg søkjar), som sørgjer for nabovarsel.
Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til kommunen (når det gjeld melding) eller til ansvarleg søkjar (når det gjeld søknad) innan to veker etter at nabovarslet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknad/melding er gjort tilgjengeleg.
Kommunen kan frita deg frå varsling eller utvide varslingsplikta, avhengig av tiltaket.
Målgruppe
Byggherre (tiltakshavar) eller firma (ansvarleg søkjar)
Kriterium/vilkår
Nabovarslet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar eller tverrbuarar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket vedkjem deira interesser. Det skal framgå om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Varslet må vere gjennomført før søknad eller melding blir sendt. Dette kan gjerast på to måtar:
- Naboen kvitterer direkte på varslet og får ein kopi
- Du sender varslet til naboen i rekommandert sending og får ei kvittering frå Posten
Samarbeidspartnarar
Nabovarsel for kommunale bygg og vegar skal til Eigesomssjefen