print

Omsorgsbustad

Generelt

Omtale

Ein omsorgsbustad er tilpassa rørslehemma og lagt til rette for at bebuaren skal kunne motta omsorg heile døgeret. Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.
Kommunen disponerer omsorgsbustadar utan heildøgnsbemanning på Blombakkane, Instadmyra, Kvednhaugen, Straume bu- og servicesenter, Vasshilderen og Vågeleitet.

Målgruppe

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre.

Kriterium/vilkår

Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtekne kriterier:
Dårleg tilrettelagde butilhøve, varig funksjonssvikt, psykososiale tilhøve,utviklingshemma er innvilga hjelp frå heimetenesta

Pris for tenesta

Husleige etter gjeldande satsar

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte servicetorget i Fjell rådhus, tlf. 56 32 64 00 for å få hjelp til å motta/fylla ut søknad.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er andre som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Fjell kommune
Postboks 184
5342 Straume

Søknadsbehandling

Før saka vert handsama vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare.  Om vi ikkje er kjend med situasjonen din vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.

Moglegheit til klage

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne hjelpe deg med å skrive klagen. Klageinstans er den politiske klagenemnda.  Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
28.08.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom