print

Oskespreiing

Generelt

Omtale

Oskespreiing vil seie at oska frå den avlidne blir spreidd for vinden. Dette vil for eksempel vere eit alternativ for dei som ikkje ønskjer gravferd/urnenedsetjing på ein kristen kyrkjegard, eller dersom den avlidne hadde ei spesiell tilknytting til ein bestemt stad. Ved oskespreiing kan det ikkje krevjast kyrkjeleg medverknad.

Målgruppe

Alle over 15 år.

Kriterium/vilkår

Oskespreiing kan skje dersom den avlidne sjølv fekk innvilga søknad om oskespreiing, eller dersom det i ettertid godtgjerast at den avlidne ønskte oskespreiing. Tillating kan òg bli gjeve for avlidne born dersom foreldra ønskjer det. Det er ingen konkrete vilkår for når og kor oskespreiing kan skje, men det er gjeve visse retningsliner som Fylkesmannen må halde seg til når ein søknad blir vurdert. Desse retningslinene går m.a. ut på at oskespreiing som hovuderegel berre kan tillatast på ope hav og i høgfjellet, og at det ikkje kan skje nær busetnad eller der folk elles oppheld seg. Fylkesmannen kan setje fleire vilkår for tillatinga.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må sende ein skriftleg søknad om å få innvilga oskespreiing.

Søknaden sendes til

Fylkesmannen i det fylket der ein ønskjer at oska skal bli spreidt.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstansen er Kultur- og kyrkjedepartementet. Før klaga blir sendt dit, skal Fylkesmannen vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til departementet.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom