print

Psykiske helsetenester

Generelt

Omtale

Tenesta består i dag av fleire ulike tilbod som heimeteneste i frå Psykiatrisk team, Psykiatrisk dagsenter med ulike aktivitetar, bustad, støttekontakt. Det finnes eit Psykisk Helseteam for barn og unge. Og ein har tett samarbeid med Mental Helse og Pårørande gruppa innan psykiatri.

Psykiatrisk team

Psykiatrisk team består av fem personar, alle med spesialkunnskap om psykiske lidingar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, dvs at det er mogleg å ta kontakt utan henvisning frå lege. Vi tilbyr individuelt tilpassa opplegg etter nærare vurdering. Det kan vere hjelp til å koma i gang med livet igjen, finne sosiale aktivitetar, følgje på veien inn til NAV, råd og rettleiing, både til den sjuke og til pårørande, hjelp til medisinhandtering, individuell plan med meir.

Alle som har tiltak frå psykiatrisk teneste, får tilbod om ein kontaktperson i psykiatrisk team. Tenesta er eit frivillig tilbod. Det er eigne søknadsskjema som ein kan nytta.

Psykiatrisk dagsenter

Dagsenteret er eit aktivitetstilbod til menneske med psykiske lidingar. På dagsenteret er det sosialt samvær med fokus på ulike aktivitetar. På dagsenteret gjev vi tilbod ut frå dei behova og interessene den einskilde har, i samarbeid med kontaktperson i psyk.team.

Psykiatribustad

Fjell kommune har bygd omsorgsbustadar for menneske med psykiske lidingar. Det er behovsprøvd og ein må søkje om plass på Fjell kommune sine søkandsskjema for heimeteneter.

Støttekontakt

Er ei teneste for menneske som ynskjer å koma seg ut av isolasjonen, og er særleg retta mot fritidsaktivitetar. Ein kan søkje om denne tensta - søknadsskjema for støttekontakt.

Psykisk Helseteam for barn og unge

Har fleire ulike tilbod.

Målgruppe

Heimebuande menneske med psykiske lidingar.

Kriterium/vilkår

Du må opphalde deg i kommunen. Søknaden blir vurdert opp mot ditt behov for tenesta. Psykiatrisk dagsenter er også eit tilbod for innbyggjarar i Øygarden kommune.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om psykiske helsetenester.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle sak så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.For visse tenester blir det ikkje gjort vedtak. Der tek psykiatrisk team direkte kontakt, oftast først pr. telefon.

Moglegheit til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
24.03.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom