print

Salsløyve alkohol

Generelt

Omtale

Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Målgruppe

Salsløyve kan søkjast av firma/personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk som skal drikkast utanfor salsstaden.

Kriterium/vilkår

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det blir kravd god vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar som er knytt til salsstaden. Begge må ha stått til kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som blir sette i alkohollova og serveringslova. Løyve tildelast etter skjønn.

Bensinstasjonar eller kioskar kan ikkje få salsløyve.

Samarbeidspartnarar

  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at den som har løyvet, held seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
  • Om søknadsprosessen

    Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

    Du må søkje skriftleg. Kommunen vil kunne hjelpe deg med søknaden. Du må setje deg inn i regelverket før du får salsløyve.

    Vedlegg

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest
  • Saksbehandlingstid

    Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

    Søknadsbehandling

    Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket.

    Moglegheit til klage

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

    Merknader

    Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforholdet. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring sendast til kommunen, som gjer nytt vedtak.



    intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

    Publisert:
    11.09.2008
    Sist oppdatert:
    19.09.2008
    Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

    Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom