Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om serveringsløyve. Søknaden skal innehalde desse opplysningane:
- Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også gjevast opplysningar om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing
- Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast
- Namn og adresse på dagleg leiar
- Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar
- Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden
Vedlegg
- Dokumentasjon på at etablererprøva er stått
- Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregistra
I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram
- leigekontrakt
- finansieringsplan
- driftsbudsjett
- likviditetsbudsjett
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandlingstid
Snarast råd og seinast innan 60 dagar.
Søknadsbehandling
Når søknaden er mottatt i kommunen, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Du får skriftleg melding om vedtaket.
Moglegheit til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen er klageinstans. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.
Merknader
Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje for eksempel ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.