print

Servicebuss

Generelt

Omtale

Servicebuss er eit tilbod til grender i Fjell som har dårlig busstilbod. Bussen tilbyr ein ekstraservice gjennom at den kan henta/bringe passasjerar ved døra dersom dei har vanskeleg for å gå til næraste busstopp. Sjåføren kan og hjelpa til med handleposar og liknane. Servicebusstilbodet er retta mot eldre, men er ope for alle. I dag er det fem ruter som går ein dag i veka. Bussen går til Sartor Storsenter på føremiddagen og har ca.2,5 timar stopp før den går tilbake. (Sjå rutetider under anna). Den køyrer også innom Straume helsesenter, Straume bu- og servicesenteret og rådhuset dersom det er behov. Servicebussen har høve til å ta med rullatorar og rullestolar

Målgruppe

Målgruppa er dei eldre, særskilt dei som er lite mobile, men tilbodet er ope for alle.

Pris for tenesta

Vanleg busstakst. Ikkje honnørrabbat

Samarbeidspartnarar

Frivillighetssentralen og Tide.


intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom