Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging eller miljøtiltak i skog skrivast på skjema utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for vidare informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.
Saksbehandlingstid
Kommunen/Fylkesmannen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Søknadsbehandling
Fylkesmannen gjer vedtak om tilskott til bygging av veg og til tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest o.a. Elles er det kommunen som gjer vedtaka.
Moglegheit til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Statens landbruksforvaltning for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.